James 4:5
Eller trur de at skrifti talar fåfengt? Med brennhug trår han etter Anden som han hev late bu i oss. Men di større er den nåde som han gjev.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
Do ye think that the scripture saith in vain, The spirit that dwelleth in us lusteth to envy?
In Context
6Difor heiter det: «Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.»
Cross References
Genesis 6:5Og Herren såg at vondskapen var stor hjå manneætti på jordi, og at alt dei tenkte og emna på i hjarto sine, det var berre vondt all dagen.
Genesis 26:14Han hadde mykje bufe, både smått og stort, og mange drengjer, og filistarane vart ovundsjuke på honom.
Genesis 37:11Og brørne hans var ovundsjuke på honom, men far hans lagde seg dette på minne.
Numbers 11:29«Er du åbru for mi skuld?» svara Moses. «Eg vilde at heile Herrens folk kunde tala profetord, og at Herren sende sin Ande yver deim!»
Psalms 106:16Og dei vart ovundsjuke på Moses i lægret, på Aron, Herrens heilage.
Ecclesiastes 4:4Og eg såg at alt stræv og all dugleik i arbeidet ikkje er anna enn ovund som driv den eine fyre den andre. Det og er fåfengd og jag etter vind.