Jeremias bok 10:21
For hyrdingarne var uvituge og søkte ikkje Herren. Difor for dei ikkje viseleg åt, og all hjordi deira vart spreidd.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Jeremiah 2:8Prestane sagde ikkje: «Kvar er Herren?» Og dei som handsama lovi, kjende meg ikkje, og hyrdingarne fall ifrå meg. Og profetarne spådde ved Ba’al, og etter gagnlause gudar gjekk dei.
Jeremiah 8:9Dei vise vert til skammar, dei vert tekne av ræddhug og rådløysa. Sjå, Herrens ord hev dei vanda; kvar skulde dei då hava visdom ifrå?
Jeremiah 10:14Klumsa stend kvar ein mann og hev ikkje vit på det, skjemmast lyt kvar ein gullsmed av sitt bilæte; for dei støypte bilæti hans er berre lygn, det er ingi ånd i deim.
Jeremiah 23:1Usæle dei hyrdingar som tyner og spreider gjætsle-hjordi mi, segjer Herren.
Jeremiah 49:32Og kamelarne deira skal verta til ran, og dei store bølingarne deira til herfang; og eg vil spreida deim for alle vindar, mennerne med rundklypt hår; og frå alle leider let eg ulukka koma yver deim, segjer Herren.
Ezekiel 22:25Eit samansvore lag er deira profetar der, dei er som ei burande løva, ranande ran; sjæler et dei upp, eignaluter og dyrverdige ting tek dei, mange gjer dei der til enkjor.