Jeremias bok 11:5
so eg kann få halda den eiden som eg svor federne dykkar: å gjeva deim eit land som fløymer med mjølk og honning, so som det er enn i dag. Og eg svara og sagde: «Amen, Herre!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 22:16og sagde: «Ved meg sjølv sver eg,» segjer Herren: «for di du gjorde dette, og ikkje ein gong sparde din einberningsson,
Exodus 3:8Og no hev eg stige ned, og vil fria deim ut frå egyptarane og føra deim ut or dette landet, til eit godt og vidt land, til eit land som fløymer med mjølk og honning, der som kananitarne er og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne.
Exodus 13:5Når då Herren hev fylgt deg til landet åt kananitarne og hetitarne og amoritarne og hevitarne og jebusitarne, det som han lova federne dine å gjeva deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, då skal du halda gudstenesta på denne visi i denne same månaden;
Deuteronomy 6:3So høyr då bodi hans, Israel, og ber deim i hugen, og liv etter deim! Då skal det ganga deg vel, og de skal aukast og trivast i eit land som fløymer med mjølk og honning, soleis som Herren, din fedregud, hev sagt med deg.
Deuteronomy 27:15«Forbanna vere den som hev ein kunstmann til å gjera seg eit gudebilæte, støypt eller utskore, og set det upp i løynd, det som er ein styggedom for Herren!» Og heile folket skal segja: «Ja, ja!»
Psalms 105:8Han kjem æveleg i hug si pakt, det ord han sette fast for tusund ætter,