Jeremias bok 14:22
Finst det nokon av dei fåfenglege gudarne åt heidningfolki som kann gjeva regn? Eller sender himmelen regnskurer av seg sjølv? Er det ikkje du, Herre, vår Gud? Me stundar på deg, for du hev gjort alt dette.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 28:12Si rike bud i himmelen skal han lata upp for deg, so landet ditt i tidom fær det regn som trengst, og alt vert signa som du tek deg til; og du skal låna burt til mange folk, men aldri skal du turva låna sjølv.
1 Kings 8:36so må du høyra det i himmelen og tilgjeva tenarane dine og Israel, folket ditt, syndi deira, for du lærer deim den gode vegen dei skal ganga på; og du må gjeva regn yver landet ditt, som du hev gjeve folket ditt til odel og eiga.
1 Kings 17:14For so segjer Herren, Israels Gud: «Mjølkrukka skal ikkje verta tom, og ikkje skal det skorta på olje i krusi, til dess Herren let det regna på jordi.»»
1 Kings 18:39Og folkemengdi såg det, og dei kasta seg å gruve og sagde: «Det er Herren som er Gud! Det er Herren som er Gud!»
Job 28:26då han gav regnet lovi si og ljomet veg å ganga i,
Psalms 25:3Ja, ingen av deim som ventar på deg, skal verta til skammar; men dei skal verta til skammar, som utan årsak bryt si tru.