Jeremias bok 15:14
Og eg vil lata fiendarne dine føra det burt, inn i eit land som du ikkje kjenner. For ein eld er kveikt i min vreide, mot dykk skal han loga.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 28:25For fiendarne skal du rjuka: på ein veg skal du fara imot deim; og på sju vegar skal du fly. Ei skræma vert du for kvart rike jordi rundt.
Deuteronomy 28:64Herren skal spreida dykk bland alle folk, frå heimsens eine ende og til hin; der lyt du tena avgudar, som du og federne dine aldri hev kjent til, gudar av stokk og stein,
Deuteronomy 32:22For ein eld er kveikt av min ande, og logar til djupt under jord; han øyder grunnen og grøda og fatar i fastaste fjell.
Isaiah 42:25So rende han yver deim sin heite harm og ein veldug krig. Det ikring deim loga, men dei skyna inkje, brende deim, men dei la ikkje det på hjarta.
Jeremiah 4:4Umskjer dykk for Herren, og tak burt dykkar hjartans fyrehud, de Juda-menner og Jerusalems-buar, so at harmen min ikkje skal fara ut som eld og brenna so ingen kann sløkkja, for dykkar vonde verk skuld.
Jeremiah 15:4Og eg vil gjera deim til ei skræma for alle kongeriki på jord, for det som Manasse Hizkiason, Juda-kongen, gjorde i Jerusalem.