Jeremias bok 16:4
Ein pinefull daude skal dei lida, ingen skal gråta yver deim, og ingen skal jorda deim; til møk utyver marki skal dei verta, og av sverd og svolt skal dei verta tynte, og liki deira skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 28:22Med sott som syg og brenn skal han søkja deg, med hiteflagor og med verk og svull, med turkår og med moldaks og med rust, og dei skal elta deg til du er kvitt.
1 Kings 21:23Um Jezabel og hev Herren tala og sagt: «Hundarne skal eta upp Jezabel attmed Jisre’elsmuren.
2 Kings 9:36Då dei kom att og melde honom det, sagde han: «So var Herrens ord, som han tala ved tenaren sin, Elia frå Tisbe: «På Jizre’els-vangen skal hundarne eta Jezabels kjøt;
Psalms 79:2Dei hev gjeve liki av dine tenarar til føda for fuglarne under himmelen, kjøtet av dine trugne til landsens villdyr.
Isaiah 5:25Difor hev Herrens vreide loga upp imot folket hans, og han retter handi ut imot det og slær det, so fjelli skjelv, og lik ligg som sorp og saur på gatorne. Men med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg; og endå retter han ut handi.
Jeremiah 7:33Og liki av dette folket skal verta til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jord, og ingen skal skræma deim burt.