Jeremias bok 17:25
då skal kongar og hovdingar som sit i Davids kongsstol, koma inn gjenom portarne i denne byen på vogner og hestar, dei sjølve og deira hovdingar, Juda-mennerne og Jerusalems-buarne, og det skal æveleg bu folk i denne byen.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 12:14Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk: då skal de halda helg og høgtid for Herren; ei æveleg lov skal det vera for dykk og etterkomarane dykkar å halda heilag den dagen.
1 Samuel 8:11Han sagde: «Dette tek han seg rett til, den kongen som kjem til å rikja yver dykk: Sønerne dykkar vil han taka og bruka framfor vognerne og hestarne sine, so dei lyt springa framfyre vognerne;
2 Samuel 8:4David tok syttan hundrad hestfolk og tjuge tusund fotfolk. Og David let skjera sund hasarne på alle vognhestarne, sparde berre hundrad hestar.
Psalms 89:29Mi miskunn imot honom vil eg æveleg halda ved lag, og mi pakt skal standa fast for honom.
Isaiah 9:7So skal herredømet verta stort og freden utan ende yver Davids kongsstol og yver riket hans; det skal reisast og stydjast med rett og rettferd frå no og til æveleg tid. Brennhugen i Herren, allhers drott, skal gjera dette.
Jeremiah 7:7då vil eg lata dykk bu på denne staden, i landet som eg gav federne dykkar, frå æva og til æva.