Jeremias bok 17:3
Du fjellet mitt på vollen! Godset ditt, alle skattarne dine vil eg gjeva til herfang, likeins offerhaugarne dine, for synderne innan alle dine landskil.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 24:13Han førde burt derifrå alle skattar i Herrens hus og i kongsgarden. Han braut laust gullet av alle gognerne som Salomo, Israels konge, hadde laga åt Herrens tempel, soleis som Herren hadde sagt.
Isaiah 2:2Og det skal verta soleis i dei siste dagar, at det fjellet der Herrens hus stend, skal vera grunnfest på toppen av fjelli, og høgt yver haugarne, og alle folki skal strøyma burt til det.
Isaiah 39:4«Kva hev dei set i huset ditt?» spurde han. «Alt som i huset mitt finst hev dei set,» svara Hizkia; «det fanst ikkje den ting i skattkammeri mine som eg ikkje synte deim.»
Jeremiah 15:13Godset ditt og skattarne dine vil eg gjeva til ran - utan betaling, og det for alle synderne dine, og innan alle dine landskil.
Jeremiah 26:18«Mika frå Moreset spådde i dei dagarne då Hizkia var konge i Juda, og sagde til alt folket i Juda: «So segjer Herren, allhers drott: Sion skal verta pløgt til åker, og Jerusalem skal verta til steinrøysar og tempelberget til skograbbar.»
Lamentations 1:10Si hand rette fienden ut etter alle hennar hugnads-ting; ja, ho såg heidningar koma inn i hennar heilagdom, dei som var forbodne å koma i di samling.