Jeremias bok 17:5
So segjer Herren: Forbanna er den mann som lit på menneskja og gjer kjøt til sin arm og med sitt hjarta vik frå Herren!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 32:8Med honom er det ein arm av kjøt, men med oss er Herren, vår Gud, som vil hjelpa oss og føra krigarne våre.» Då leit folket på talen åt Juda-kongen Hizkia.
Psalms 62:9Lit på honom all tid, folk, renn dykkar hjarta ut for hans åsyn! Gud er livd for oss. Sela.
Psalms 146:3Set ikkje lit til hovdingar, til ein menneskjeson som ikkje kann hjelpa.
Isaiah 30:1Usæle dei tråssuge born, segjer Herren, som fullfører råd som ikkje er frå meg, og gjer samband utan min ande, so dei legg synd til synd,
Isaiah 36:6Ja, det er sant, du lit på Egyptarland, den brotne røyrstaven som sting hol i handi på kvar som styd seg til honom! Soleis er Farao, egyptarkongen, for alle deim som lit på honom.
Ezekiel 6:9Og dei av dykk som slepp undan, skal minnast meg millom folki som dei er burtførde til, når eg hev knasa deira utrue hjarta som veik ifrå meg, og deira augo som i utruskap søkte etter deira ufysne avgudar. Og dei skal styggjast ved seg sjølve for det vonde dei hev gjort, med alle sine styggjor.