Jeremias bok 2:34
Ja, på kjolesnipparne finst det blod av skuldlause armingar: ikkje kom du på deim i innbrot; men av di at alt dette er funne hjå deg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 22:1Når ein mann stel eit naut eller ein sau, og slagtar eller sel deim, då skal han gjeva fem naut i staden for nautet, og fire sauer for sauen.
2 Kings 21:16Manasse let og skuldlaust blod renna, i so stor mengd at Jerusalem vart fyllt av det frå ende til annan, umfram den syndi at han forførde Juda til å gjera det som vondt var i Herrens augo.
Psalms 106:37og dei ofra sine søner og døtter til magterne,
Isaiah 57:5De som brenn av lystnad ved eikarne, under kvart eit lauvrikt tre, de som slagtar born i dalarne, i skortor og skard!
Jeremiah 6:15Dei skal standa til skammar; for dei hev gjort skjemdarverk. Men dei korkje skjemmest eller veit kva det er å blygjast. Difor skal dei falla med deim som fell, den tid eg heimsøkjer deim, skal dei snåva, segjer Herren.
Jeremiah 8:12Dei skal standa til skammar, for dei hev gjort skjemdarverk. Dei korkje skjemmest eller veit kva det er å blygjast. Difor skal dei falla med deim som fell; i si heimsøkjingstid skal dei snåva, segjer Herren.