Jeremias bok 2:36
Kvi fer du so langt burt i ei onnor leid? Med Egyptarland og skal du verta til skammar, likeins som du vart til skammar med Assyria.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 28:16På den tid sende kong Ahaz bod til assyrarkongen um hjelp.
2 Chronicles 28:21For Ahaz plyndra Herrens hus og huset åt kongen og hovdingarne og gav det til assyrarkongen, men det hjelpte honom ingen ting.
Isaiah 30:1Usæle dei tråssuge born, segjer Herren, som fullfører råd som ikkje er frå meg, og gjer samband utan min ande, so dei legg synd til synd,
Isaiah 31:1Usæle dei som fer ned til Egyptarland etter hjelp og stolar på hestar og lit på vogner, for di dei er so mange, og på hestfolk, for di dei er so mannsterke, men ikkje skodar etter Israels Heilage og ikkje søkjer Herren!
Jeremiah 2:23Kor kann du segja: «Utsulka er eg ikkje, etter Ba’alarne hev eg ikkje gjenge?» Sjå på vegen din i dalen! Skyna kva du hev gjort, du lettføtte kamelfylja som løyp til og frå.
Jeremiah 22:20Stig upp på Libanon og ropa, og lat røysti di ljoma i Basan, og ropa frå Abarim! For alle elskarane dine er sundkrasa.