Jeremias bok 22:16
Han hjelpte armingen og fatigmannen til sin rett, då gjekk det vel. Er ikkje slikt å kjenna meg? segjer Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Chronicles 28:9Og du Salomo, son min, lær å kjenna far din’s Gud, og å tena honom med heilt hjarta og viljug sjæl! For Herren ransakar alle hjarto og skynar alt det som rører seg i tankarne. Um du søkjer Herren, so let han deg finna honom; men vender du deg frå honom, so støyter han deg frå seg for æveleg.
Psalms 9:10Og Herren er ei borg for den nedtyngde, ei borg i dei tider han er i trengd.
Psalms 72:12For han skal frelsa den fatige som ropar, og armingen som ingen hjelpar hev.
Psalms 109:31For han stend på høgre sida åt den fatige til å frelsa honom frå deim som dømer hans sjæl.
Isaiah 1:17Lær å gjera godt, legg vinn på det som rett er, vis valdsmannen på betre vegar, hjelp den farlause til retten sin, før saki åt enkja!
Jeremiah 9:3Og dei spenner tunga som bogen sin til lygn, og ikkje på ærleg vis er dei megtige vortne i landet, men frå vondt til vondt gjeng dei fram, og meg veit dei ikkje av, segjer Herren.