Jeremias bok 22:23
Du som bur på Libanon, som hev reiret ditt i cedertrei, å, kor du skal stynja når du fær rider, flagor som kvinna i barnsnaud!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 24:21Og han såg kenitarne, og kvad: «Din bustad er ei borg so fast, på nuten hev ditt reir du bygt.
Jeremiah 4:30Og du, når du vert øydelagd, kva vil du då gjera? Endå um du klæder deg i purpur og pryder deg med gull-prydnad og gjer augo dine store med sminka, so er det fåfengt at du gjer deg fager; dine elskarar vanvyrdar deg, dei stend deg etter livet.
Jeremiah 6:24Me hev fenge fretnader um deim, magtstolne seig våre hender; me tok fæla, fekk flagor som kvinna i føderider.
Jeremiah 22:6For so segjer Herren um Juda-kongens hus: Eit Gilead er du for meg, ein tind på Libanon; men i sanning, eg vil gjera deg til ei øydemark med byar der ingen bur.
Jeremiah 48:28Gakk burt ifrå byarne og set bu på bergknausar, de Moabs ibuarar, og ver like duva som lagar seg reir burtum gil- gapet!
Jeremiah 50:4I dei dagarne og i den tidi, segjer Herren, skal Israels-borni koma, dei og Juda-borni i lag med einannan; gråtande skal dei ganga og søkja Herren, sin Gud.