Jeremias bok 23:12
Difor skal vegen deira verta åt deim som sleip-flekkjer i myrkret; dei skal støyta seg so dei dett på honom. For eg vil lata ulukka koma yver deim det året heimsøkjingi kjem, segjer Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 32:34Gakk no du, og fylg folket dit som eg hev sagt deg! Sjå, engelen min skal ganga framfyre deg. Men når min time kjem, vil eg heimsøkja deim for syndi deira.»
Psalms 35:6Lat deira veg verta myrk og hål, og Herrens engel forfylgje deim!
Proverbs 4:19Den vegen dei ugudlege gjeng, er som kolmyrkret, dei veit ikkje kva dei snåvar i.
Jeremiah 8:12Dei skal standa til skammar, for dei hev gjort skjemdarverk. Dei korkje skjemmest eller veit kva det er å blygjast. Difor skal dei falla med deim som fell; i si heimsøkjingstid skal dei snåva, segjer Herren.
Jeremiah 13:16Gjev Herren, dykkar Gud, æra, fyrr han let det myrkna, og fyrr føterne dykkar støyter seg på dei dimme heidar! De stundar på ljos, men han skal gjera det til daudeskugge, og lata det verta stumende myrkt.
Jeremiah 50:27Tyn alle uksarne, før deim ned til slagting! Usæla yver deim! for dagen deira er komen, den tid dei skal verta heimsøkte.