Jeremias bok 23:14
Men hjå profetarne i Jerusalem hev eg set gruvelege ting; dei driv hor og fer med lygn og styrkjer henderne på illgjerningsmenner, so ingen av deim vender um frå sin vondskap. Dei er alle vortne liksom Sodoma åt meg, og hine ibuarane liksom Gomorra.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 13:13Men mennerne i Sodoma var vonde, og synda groveleg mot Herren.
Genesis 19:24Då let Herren det regna svåvel og eld, frå Herren, frå himmelen, nedyver Sodoma og Gomorra,
Deuteronomy 32:32I Sodoma voks deira vintre, skaut upp av Gomorras grunn; druvorn’ dei ber, det er trollber, og beisk er kvar einaste krans;
Isaiah 1:10Høyr Herrens ord, de Sodoma-fyrstar, lyd etter vår Guds lov, du Gomorra-folk!
Jeremiah 5:30Grysjelege og gruelege ting gjeng fyre seg i landet.
Jeremiah 18:13Difor, so segjer Herren: Spør millom heidningfolki um nokon hev høyrt slikt. Ovleg grysjelege ting hev møyi Israel gjort.