Jeremias bok 23:19
Sjå, ein storm frå Herren - vreide bryt fram - ein kvervelstorm; ned på hovudet åt dei ugudlege kjem han i kvervlar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Proverbs 1:27når det de ræddast kjem som eit uver, og uferdi dykkar fer hit som ein storm, når trengsla og naud kjem på dykk.
Isaiah 5:25Difor hev Herrens vreide loga upp imot folket hans, og han retter handi ut imot det og slær det, so fjelli skjelv, og lik ligg som sorp og saur på gatorne. Men med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg; og endå retter han ut handi.
Isaiah 40:24Knapt er dei planta, knapt er dei sådde, knapt hev dei rotfest i jordi sin stomn, fyrr han andar på deim, og dei visnar, stormen føykjer deim burt som strå.
Jeremiah 4:11I den tidi skal det verta sagt med dette folk og med Jerusalem: Ein glodheit vind frå snaudkollarne i øydemarki kjem imot mitt folks dotter, ikkje til å kasta korn med og ikkje til å dryfta med.
Jeremiah 25:32So segjer Herren, allhers drott: Sjå, ei ulukka gjeng ut frå folk til folk, og eit brotver kjem frå dei ytste endarne av jordi.
Jeremiah 30:24Herrens brennande vreide skal ikkje halda upp fyrr han hev gjort og sett i verk sitt hjartans tankar. I dagarne som kjem, skal de skyna det.