Jeremias bok 23:25
Eg hev høyrt kva profetarne hev sagt, dei som spår lygn i mitt namn og segjer: «Eg drøymde, eg drøymde.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 37:9So hadde han ein draum att, og den fortalde han og brørne sine. «Veit de kva eg no hev drøymt?» sagde han: «Eg tykte soli og månen og elleve stjernor lagde seg å gruve for meg.»
Psalms 139:2Um eg sit eller stend upp, so veit du det, du skynar min tanke langan veg.
Jeremiah 8:6Eg gav gaum og lydde: dei talar det som ikkje er rett, det finst ikkje den mann som angrar sin vondskap og segjer: «Kva hev eg gjort!» Alle saman hev dei snutt seg burt i laupet, likeins som ein hest som renner av stad i strid.
Jeremiah 14:14Då sagde Herren med meg: Lygn spår profetarne i mitt namn; ikkje hev eg sendt deim og ikkje bede deim og ikkje tala til deim; lygn-syner og runing og fåfengd og sitt hjartans svik, det er det dei spår åt dykk.
Jeremiah 23:28Den profet som hev ein draum, han kann fortelja ein draum, men den som hev mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning. Kva hev halmen med kornet å gjera? segjer Herren.
Jeremiah 29:8For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Lat dykk ikkje dåra av dei profetarne som er hjå dykk og av spåmennerne dykkar, og gjev ikkje gaum etter draumarne dykkar som de drøymer!