Jeremias bok 23:6
I hans dagar skal Juda verta frelst og Israel bu trygt, og dette er namnet hans, det dei kallar honom: «Herren, vår rettferd».
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 33:28So bur då Israel trygt, og Jakobs-ætti åleine, i eit land fullt av druvor og korn, og doggi dryp frå hans himmel!
Psalms 45:5Og far i din herlegdom fram med siger for sanning og spaklyndt rettferd! Og di høgre hand skal læra deg agelege storverk.
Isaiah 2:4Og han skal døma imillom folki og skipa rett åt mange folkeslag. Då skal dei smida plogjarn av sverdi sine, og hagesigdar av spjoti sine. Folk skal ikkje lenger lyfta sverd mot folk, og ikkje lenger temja seg upp til krigsferd.
Isaiah 9:6For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven, og herreveldet kviler på hans herdar, og han heiter Underfull, Rådgjevar, Veldug Gud, Æveleg Fader, Fredsfyrste.
Isaiah 32:1Sjå, med rettferd skal kongen råda, og hovdingarne skal styra etter rett,
Isaiah 33:5Upphøgd er Herren, for han bur i det høge; han fyller Sion med rett og rettferd.