Jeremias bok 24:9
Og eg vil gjera deim til ei skræma og ein stygg for alle riki på jordi, til ei hæding og eit ordtøke, til ei spott og ei våbøn på alle dei stader som eg driv deim burt til.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 28:25For fiendarne skal du rjuka: på ein veg skal du fara imot deim; og på sju vegar skal du fly. Ei skræma vert du for kvart rike jordi rundt.
Deuteronomy 28:65og aldri fær du ro hjå desse folki, aldri finn du nokon kvilestad for foten din. Herren skal gjeva deg ei sjæl som skjelv, innsokne augo og ein visna hug;
2 Chronicles 7:20då vil eg jaga dykk burt ifrå landet mitt, som eg hev gjeve dykk, og dette huset, som eg hev helga til mitt namn, det vil eg føykja burt ifrå mi åsyn og gjera det til eit ordtøke og ei spott millom alle folk.
Psalms 109:18Han klædde seg i forbanning som sitt klædeplagg, og ho trengde som vatn inn i hans liv, og som olje i hans bein.
Isaiah 65:15Dykkar namn skal de lata etter til ein eid for mine utvalde. «So drepe deg Herren, Herren!» Men tenaran sine skal han gjeva eit anna namn.
Jeremiah 19:8Og eg vil gjera denne byen til ei skræma og til ei spott; alle som fer framum honom, skal verta forstøkte og hæda yver alle plågorne hans.