Jeremias bok 27:13
Kvi vil de døy, du og folket ditt, for sverd, av svolt og i sott, so som Herren hev tala um det folket som ikkje vil tena Babel-kongen?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Proverbs 8:36Men den som missar meg, skader seg sjølv, og alle som hatar meg, elskar dauden.»
Jeremiah 27:8Og det folket og det riket som ikkje vil tena honom, Nebukadnessar, Babel-kongen, og som ikkje vil bøygja halsen sin under Babel-kongens ok, det folket vil eg heimsøkja med sverd og svolt og sott, segjer Herren, til eg hev gjort ende på deim ved hans hand.
Jeremiah 38:20Men Jeremia sagde: «Dei skal ikkje gjera det. Høyr du på Herrens røyst i det eg talar til deg, då skal det ganga deg vel, og du skal få liva!
Ezekiel 18:24Men når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, alle slike styggjor som den ugudlege gjer, skulde han gjera det og liva? All hans rettferd som han gjorde, skal verta gløymd. For den truløysa han for med, for det skal han døy.
Ezekiel 33:11Seg med deim: So sant som eg liver, segjer Herren, Herren, eg hev ikkje hugnad i det at den ugudlege døyr, men i det at den ugudlege vender um frå si åtferd og liver. Vend um, vend um frå dei vonde vegarne dykkar! For kvi vil de døy, du Israels-lyd?