Jeremias bok 27:18
Men um dei er profetar og hev Herrens ord, so kann dei beda Herren, allhers drott, at ikkje dei kjeraldi som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem, vert førde til Babel.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
17Lyd ikkje på deim, men ten Babel-kongen! So skal de få liva. Kvi skal denne byen verta til ei audn?
Cross References
Genesis 18:24Um det no var femti rettvise menner i byen? Vil du då riva deim burt, og ikkje spara byen for deira skuld?
1 Samuel 7:8Og Israels-borni sagde til Samuel: «Haldt ved i eino og ropa til Herren, vår Gud, at han må frelsa oss ut or filistarmagti!»
1 Samuel 12:23Og eg for meg: aldri i verdi vil eg synda mot Herren med å slutta å beda for dykk. Nei, eg vil læra dykk den gode og rette vegen.
1 Kings 18:26Då tok dei den uksen som han hadde gjeve deim, og laga honom til og ropa på Ba’al frå morgon til middag og sagde: «Ba’al, svara oss!» Men det kom ingen ljod, og ingen svara. Dei hinka kringum altaret som dei hadde sett upp.
Job 42:8Tak difor sju uksar og sju verar, og gakk til Job, tenaren min, og ofra brennoffer for dykk; og lat Job, tenaren min, beda for dykk! For berre honom vil eg taka til nåde, so eg ikkje gjer ulukka på dykk, for de ikkje hev tala rett um meg soleis som Job, tenaren min.»
Jeremiah 15:1Då sagde Herren med meg: Um so Moses og Samuel stod fram for mi åsyn, skulde mi sjæl ikkje venda seg til dette folket. Driv deim burt frå mi åsyn, og lat deim fara!