Jeremias bok 3:14
Snu um, de fråfalne born, segjer Herren, for eg er herren dykkar. Og eg vil taka dykk, ein or ein by og tvo av ei ætt, og lata dykk koma til Sion.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
15Og eg vil gjeva dykk hyrdingar etter mitt hjarta, og dei skal gjæta dykk med vit og skynsemd.
Cross References
Isaiah 1:9Hadde ikkje Herren, allhers drott, unnt oss ein liten leivning, då hadde me vorte som Sodoma, me hadde set ut som Gomorra!
Isaiah 10:22For um so ditt folk, Israel, var som sanden ved havet, so skal berre ein leivning av det venda um. Undergang er fastsett, og fløymer fram med rettferd.
Isaiah 17:6Berre ein etterhaust skal verta att, liksom når ein slær ned ber av oljetreet, tvo, tri ber uppi toppen, ei fire, fem på greinerne åt frukttreet, segjer Herren, Israels Gud.
Isaiah 27:12Og det skal henda på den dagen, at Herren skal halda ei frukthausting alt frå Storelvi til Egyptarlands-bekken, og de, Israels born, skal verte sanka, ein for ein.
Isaiah 54:5For mannen din er skaparen din, Allhers-Herren er namnet hans, og Israels Heilage er din utløysar. Han heitar Gud for all jordi.
Jeremiah 2:2Gakk av stad og ropa ut for Jerusalems øyro: So segjer Herren: Eg kjem deg i hug for din elskhug i din ungdom, din kjærleik i dine festarmålsdagar, kor du fylgde meg i øydemarki, i eit land der dei inkje sår.