Jeremias bok 3:2
Lyft upp augo dine til snaudfjellkollarne og sjå: kvar var det du ikkje vart skjemd? Frammed vegarne sat du og stunda etter deim likeins som ein arab i øydemark, og du vanhelga landet med din horelivnad og vondskap.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 38:14Då lagde ho av seg enkjebunaden sin, og kasta på seg ei kåpa og sveipte henne vel kring seg, og so sette ho seg frammed ledet utfor Enajim, på vegen til Timna. For ho såg at Sela var vaksen, og at ho ikkje fekk honom.
1 Kings 11:3Han hadde sju hundrad konor av fyrsteætt og tri hundrad fylgjekonor, og konorne vende hjarta hans.
Proverbs 7:11bråkande er ho og vill, heime hev ho’kje ro.
Jeremiah 2:7Og eg let dykk koma inn i eit grøderikt land, so de fekk eta frukti og dei gode ting der. Men då de kom dit inn, sulka de landet mitt og gjorde odelen min til ein styggedom.
Jeremiah 2:23Kor kann du segja: «Utsulka er eg ikkje, etter Ba’alarne hev eg ikkje gjenge?» Sjå på vegen din i dalen! Skyna kva du hev gjort, du lettføtte kamelfylja som løyp til og frå.
Jeremiah 3:9Og med sin ubljuge lauslivnad vanhelga ho landet, og ho dreiv hor med stein og med tre.