Jeremias bok 3:21
Ei røyst høyrest på dei snaudfjelli, gråt og bøner frå Israels-borni; for dei hev gjenge på range vegar, dei hev gløymt Herren, sin Gud.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 22:32Og Herrens engel sagde til honom: «Kvi hev du fare so, og slege asna di tri gonger? Det var eg som møtte deg som ein fiende, av di eg tykte denne ferdi var for brå.
Proverbs 10:9den som ferdast i uskyld, ferdast trygt, men den som gjeng krokvegar, skal verta kjend.
Isaiah 15:2Dei stig upp til huset og til Dibon på haugarne og vil gråta; Moab jamrar seg på Nebo og Medeba. Kvart hovud er snaudt, kvart skjegg avraka.
Jeremiah 2:32Gløymer ei møy sin prydnad, ei brur sitt belte? Men lyden min hev gløymt meg i uteljande dagar.
Jeremiah 30:15Kvi eiar du deg yver skaden din, yver at plåga di er ulækjande? For di at misgjerningi di er stor og synderne dine mange, hev eg gjort deg dette.
Jeremiah 31:18Eg hev greinleg høyrt kor Efraim barmar seg: «Du hev aga meg, ja, eg er aga som ein utamd kalv. Vend du meg um, so vil eg venda um, for du er Herren, min Gud.