Jeremias bok 31:13
Då skal møyar fegnast i dans, og gutar og gamlingar saman. Og eg skal venda sorgi deira til gleda og hugga deim og gleda deim etter deira sut.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Nehemiah 12:27Då muren kring Jerusalem skulde verta vigd, henta dei levitarne frå alle bustaderne deira og førde deim til Jerusalem, til å halda vigsla og gledehøgtid med lov og song, med cymblar og harpor og cithrar.
Esther 9:22for dei dagarne hadde jødarne rådt seg ro for fiendarne sine, og i den månaden hadde suti deira snutt seg um til fagnad og sorgi til høgtid. Difor skulde dei gjera desse dagarne til gjestebods-dagar og fagnad-dagar, og senda fornar til kvarandre og gåvor til fatigfolk.
Psalms 126:5Dei som sår med tåror, skal hausta med glederop.
Psalms 149:3Dei skal lova hans namn med dans, syngja for honom til pauka og cither.
Isaiah 35:10Og Herrens frikjøpte skal snu heim att og koma til Sion med fagnadrop, og æveleg gleda er det yver hovudet deira; frygd og gleda skal dei nå, og sorg og sukk skal røma.»
Isaiah 51:11Dei som Herren hev frikjøpt, skal snu heim og koma til Sion med jubelsong, med æveleg gleda til hovudkrans. Gleda og frygd skal dei nå, og sorg og sukk skal fly.