Jeremias bok 32:18
du som gjer miskunn mot tusund på tusund, og for misgjerdi åt federne gjev du borni deira etter deim att uppi fanget, du store, velduge Gud - Herren, allhers drott, er namnet ditt -
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 49:24Men han stend med sin boge so stødt, og røyver armarne raust: Hjelp fær han hjå kjempa åt Jakob, der! - hjå hyrdingen, Israels berg,
Exodus 34:7Han let si miskunn vara i tusund mannsaldrar; han tilgjev brot og misgjerning og synd; men han vil ikkje at den skuldige skal vera strafflaus: han hemner broti åt federne på borni og barneborni, ja på barnebarns-borni og borni etter deim att.»
Deuteronomy 5:9Du skal ikkje bøygja kne for deim, og ikkje beda til deim! For eg, Herren, din Gud, er ein streng Gud; eg hemner broti åt federne på borni og barneborni og barnebarns-borni av deim som hatar meg,
Deuteronomy 7:21Du skal ikkje fæla deg for deim; for Herren, din Gud, er med deg, ein stor og ageleg Gud.
Joshua 7:24Og Josva og heile Israel tok Akan, zerahiten, og sylvet og kåpa og gullstongi, og sønerne og døtterne hans, og ukserne og asni og småfeet og tjeldbudi hans og alt det han åtte, og førde det upp i Akordalen.
1 Kings 14:9men du hev gjort meir vondt enn alle som hev vore fyre deg; du hev gjenge av og laga deg andre gudar, støypte bilæte, for å harma meg, og meg hev du kasta attum ryggen din.