Jeremias bok 34:17
Difor, so segjer Herren: De hev ikkje høyrt på meg og ropa ut fridom, kvar og ein for sin bror og sin næste; sjå, eg ropar ut fridom for dykk, segjer Herren, so de vert gjevne åt sverdet, åt sotti og åt svolten, og eg vil gjera dykk til ei skræma for alle riki på jordi,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 26:34Då skal landet få njota si kvild, alt med det lyt liggja i øyde og de er i fiendelandet - ja då skal landet få kvila og halda helgerne sine;
Deuteronomy 28:25For fiendarne skal du rjuka: på ein veg skal du fara imot deim; og på sju vegar skal du fly. Ei skræma vert du for kvart rike jordi rundt.
Judges 1:6Adoni-Bezek rømde; men dei sette etter honom, og tok honom og hogg av honom tumarsfingrarne og stortærne.
Jeremiah 15:2Og når dei segjer med deg: «Kvar skal me då fara?» so skal du segja med deim: So segjer Herren: Til dauden den som åt dauden er etla, og til sverdet den som åt sverdet er etla, og til svolten den som åt svolten er etla, og til utlægd den som åt utlægd er etla.
Jeremiah 21:7Og sidan, segjer Herren, vil eg gjeva Sidkia, Juda-kongen, og tenarane hans og folket og deim som er leivde i denne byen etter sotti, sverdet og svolten, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på fiendarne deira og i henderne på deim som ligg deim etter livet. Og han skal slå deim med sverd-egg, han skal ikkje miskunna deim og ikkje vårkunna og ikkje tykkja synd i deim.
Jeremiah 29:17so segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg sender imot deim sverd og svolt og sott og gjer med deim som ein gjer med dei utskjemde fikorne som er so låke at dei ikkje er etande.