Jeremias bok 35:15
Og jamt og samt hev eg sendt til dykk alle mine tenarar, profetarne, og sagt: «Vend um, kvar frå sin vonde veg, og lat verki dykkar betrast, og ferdast ikkje etter andre gudar til å tena deim! då skal de få bu i dette landet som eg hev gjeve dykk og federne dykkar.» Men de lagde ikkje øyra til og lydde ikkje på meg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 1:16Tvætta dykk, reinsa dykk! Slutta med dykkar vonde åtferd for augo mine, haldt upp med å gjera det som vondt er!
Jeremiah 4:1Um du vender um, Israel, segjer Herren, då skal du få venda attende til meg, og um du hev dine styggjor burt frå mi åsyn, skal du ikkje ljota liva i fredløysa.
Jeremiah 7:3So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Lat dykkar vegar og dykkar gjerningar betrast, so skal eg lata dykk bu på denne staden.
Jeremiah 7:25Alt ifrå den dagen då federne dykkar for ut or Egyptarlandet og heilt til denne dag hev eg dagstødt, jamt og samt, sendt alle mine tenarar, profetarne, til dykk.
Jeremiah 18:11Seg no då dette til Juda-mennerne og Jerusalems-buarne: So segjer Herren: Sjå, eg emnar på ei ulukka åt dykk og tenkjer ut meinråder mot dykk. Vend då um, kvar og ein frå sin vonde veg, og retta på vegarne dykkar og verki dykkar!
Jeremiah 25:5Han sagde: Vend um, kvar og ein frå sin vonde veg og frå dykkar vonde åtferd! so skal de få bu i det landet som Herren gav dykk og federne dykkar frå æva og til æva.