Jeremias bok 39:4
Men då Sidkia, Juda-kongen, og alle hermennerne såg deim, flydde dei og for um natti ut or byen på vegen til kongshagen gjenom porten millom båe murarne, og heldt leidi til øydemarki.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 26:17Eg kvesser augo imot dykk: for fienden skal de rjuka, uvenen skal trakka dykk ned; de skal røma, um ingen er etter dykk.
Deuteronomy 28:25For fiendarne skal du rjuka: på ein veg skal du fara imot deim; og på sju vegar skal du fly. Ei skræma vert du for kvart rike jordi rundt.
2 Kings 25:4Då vart byen teken. Og alt stridsfolket rømde um natti gjenom porten i dubbelmuren ved kongshagen, medan kaldæarane låg rundt ikring byen. Dei tok leidi til Moarne.
Isaiah 22:3Hovdingarne dine tok alle saman til rømings, utan bogeskot let dei seg taka til fanga. Dei som fanst i deg, hev vorte fanga alle saman, langt burt hev det rømt.
Isaiah 30:15For so segjer Herren, Herren, Israels Heilage: Dersom de vender um og held dykk stille, skal de verta frelste, i stilla og i tillit skal dykkar styrke vera. Men de vilde ikkje.
Jeremiah 38:18Men gjeng du ikkje ut til Babel-kongens hovdingar, so skal denne byen verta gjeven i henderne på kaldæarane, og dei skal brenna honom upp i eld, og du sjølv skal ikkje koma deg undan deira hender.»