Jeremias bok 40:10
Og eg, sjå, eg buar i Mispa, so eg kann taka imot dei kaldæarar som kjem til oss. Men de lyt samla vin og frukt og olje og leggja det i kjeraldi dykkar og vera i byarne dykkar, som de hev teke til eiga.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Samuel 16:1Då David var komen eit stykke på hi sida av fjellet, møtte han Siba, drengen åt Mefiboset, med eit par asen kløvja med tvo hundrad brød, hundrad rosinkakor, hundrad sumarfrukter og ei vinhit.
Isaiah 16:9Difor græt eg med Jaser yver Sibma-vintrei; med tårorne mine vil eg vatna deg, Hesbon, og deg, El’ale; for yver din frukthaust og vinhaust hev vinpersarropet slege ned.
Jeremiah 39:10Men av ålmugefolk som inkje åtte, let Nebuzaradan, hovdingen for livvakti, nokre etter i Judalandet, og gav deim samstundes vinhagar og åkrar.
Jeremiah 40:12Alle dei jødarne vende då heim att frå alle staderne som dei var drivne burt til, og kom til Judalandet, til Gedalja i Mispa, og dei samla vin og frukt i store mengder.
Jeremiah 48:32Meir enn Jazer græt, lyt eg gråta yver deg, du vintre frå Sibma: kvisterne dine gjekk yver havet, dei nådde alt til Jazerhavet; midt i fruktonni di og vinonni di hev ein tynar søkt på deg.
Luke 21:36Vak kvar tid og stund, og bed at de kann få styrk til å røma undan alt dette som koma skal, og standa dykk framfor Menneskjesonen!»