Jeremias bok 42:18
For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Likeins som min vreide og harm var utrend yver Jerusalems, so skal min harm og verta utrend yver dykk når de fer til Egyptarland, so de vert til ein eid og til ei skræma og til ei våbøn og til ei hæding, og de skal aldri meir sjå denne staden.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Kings 9:7so vil eg rydja Israel ut or det landet eg hev gjeve deim; det huset eg hev helga for namnet mitt, vil eg føykja ifrå mi åsyn, og Israel skal verta eit ordtøke og ei spott millom alle folk.
2 Chronicles 34:25til straff for di dei hev vend seg frå meg og kveikt offereld for andre gudar og harma meg med alle sine verk; harmen min skal renna ut yver denne staden og skal ikkje slokna.
Isaiah 65:15Dykkar namn skal de lata etter til ein eid for mine utvalde. «So drepe deg Herren, Herren!» Men tenaran sine skal han gjeva eit anna namn.
Jeremiah 7:20Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, min vreide og min harm vert utrend yver denne staden, yver menneskja og yver dyri og yver trei på marki og yver grøda på jordi, og han skal brenna og ikkje slokna.
Jeremiah 22:10Gråt ikkje yver ein avliden og barma dykk ikkje for honom; men gråt yver den som burt er faren! for han skal ikkje meir koma att og sjå sitt fødeland.
Jeremiah 22:27Men til det landet som dei stundar å koma attende til, dit-att skal dei aldri koma.