Jeremias bok 44:10
Endå hev dei ikkje audmykt seg, og ikkje hev dei ottast og ikkje hev dei ferdast etter mi lov og etter mine bodord, som eg lagde fram for dykk og for federne dykkar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 9:17Endå legg du deg i vegen for folket mitt, og vil ikkje lata deim fara.
Exodus 10:3So gjekk Moses og Aron fram for Farao og sagde med honom: «So segjer Herren, Hebræarguden: «Kor lenge skal det vara fyrr du vil bøygja deg for meg? Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!
2 Kings 22:19Av di hjarta ditt vart mjukt, og du bøygde deg for Herrens åsyn då du høyrde det eg hev tala mot denne staden og folket her, at dei skal verta til rædsla og forbanning, av di du reiv sund klædi dine og gret for mi åsyn, so hev eg og høyrt, segjer Herren.
2 Chronicles 32:26Men han audmykte seg midt i sitt hjartans ovmod, og Jerusalems-folket med honom, då kom Herrens harm ikkje yver deim so lenge Hizkia livde.
2 Chronicles 33:19Og um bøni hans, og korleis han vart bønhøyrd, og heile syndi og utruskapen hans og dei staderne der han bygde upp offerhaugar og sette upp Astarte-stolparne og avgudsbilæti fyrr han audmykte seg, det er uppskrive i krønikeboki åt Hozai.
Psalms 34:18Hine ropar, og Herren høyrer og friar deim ut or alle deira trengslor.