Jeremias bok 44:26
Difor, høyr Herrens ord, alle de Juda-menner som bur i Egyptarlandet: Sjå, eg hev svore ved mitt store namn, segjer Herren: Sanneleg, ikkje ein einaste Juda-mann skal taka namnet mitt på tunga si i alt Egyptarlandet so han segjer: «So sant som Herren, Herren liver!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 22:16og sagde: «Ved meg sjølv sver eg,» segjer Herren: «for di du gjorde dette, og ikkje ein gong sparde din einberningsson,
Numbers 14:28Seg til deim: «So vist som eg liver,» segjer Herren: «det som eg høyrde de ynskte dykk, det skal de få.
Psalms 50:16Men til den ugudlege segjer Gud: «Kva hev du med å fortelja um mine lover og taka mi pakt i din munn,
Isaiah 48:1Høyr dette, de av Jakobs hus, de som er nemnde med Israels-namnet og hev runne or Judas kjelda, de som sver ved Herrens namn og ærar Israels Gud - men ikkje med sanning og rett!
Jeremiah 4:2Og um du sver: «So sant som Herren liver,» i sanning, med rett og rettferd, då skal heidningfolk velsigna seg i honom og rosa seg i honom.
Jeremiah 7:9Er det ikkje so: de stel, myrder og driv hor og gjer rang eid og brenner røykjelse for Ba’al og fer etter andre gudar som de ikkje kjenner,