Jeremias bok 44:28
Men dei som kjem seg undan sverdet, skal snu heim att frå Egyptarlandet og til Judalandet, berre ein liten flokk. Og all Juda-leivningen, dei som er komne til Egyptarlandet og vil bu der, skal få vita kva ord som stend ved lag, mitt eller deira.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 14:28Seg til deim: «So vist som eg liver,» segjer Herren: «det som eg høyrde de ynskte dykk, det skal de få.
Psalms 33:11Herrens råd stend ved lag i all æva, hans hjartans tankar frå ætt til ætt.
Isaiah 10:22For um so ditt folk, Israel, var som sanden ved havet, so skal berre ein leivning av det venda um. Undergang er fastsett, og fløymer fram med rettferd.
Isaiah 27:12Og det skal henda på den dagen, at Herren skal halda ei frukthausting alt frå Storelvi til Egyptarlands-bekken, og de, Israels born, skal verte sanka, ein for ein.
Isaiah 46:10eg som frå upphavet enden varslar, og frå fordom det som ikkje endå hev hendt, eg som segjer: «Mi rådgjerd skal standa, og alt det eg vil, det gjer eg!»
Jeremiah 44:16«Me vil ikkje lyda på deg i det som du hev tala til oss i Herrens namn,