Jeremias bok 44:30
So segjer Herren: Sjå, eg gjev Farao Hofra, egyptarkongen, i fiendehender og i henderne på deim som ligg honom etter livet, likeins som eg hev gjeve Sidkia, Juda-kongen, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, som var fienden hans og låg honom etter livet.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Jeremiah 34:21Og Sidkia, Juda-kongen, og hovdingarne hans gjev eg i henderne på deira fiendar og i henderne på deim som ligg deim etter livet, og i henderne på Babel-kongens her, som no er faren burt frå dykk.
Jeremiah 39:7Men Sidkia let han blinda og binda med tvo koparlekkjor og føra honom til Babel.
Jeremiah 46:13Det ordet som Herren tala til profeten Jeremia um det, at Nebukadressar, Babel-kongen, skulde koma og slå Egyptarlandet:
Jeremiah 52:8Men kaldæarheren sette etter kongen og nådde Sidkia att på Moarne ved Jeriko. Alt herfolket sprang frå honom og spreiddest.
Ezekiel 29:2Menneskjeson! Vend di åsyn mot Farao, kongen i Egyptarland, og spå mot honom og imot alt Egyptarland!
Ezekiel 31:18Kven likjest du soleis på i herlegdom og storvyrda ibland Eden-trei? - So skal du då verta støypt med Eden-trei ned i nedheimen; midt imillom u-umskorne skal du liggja med deim som er slegne i hel med sverd. Dette er Farao og heile hans ståkande mengd, segjer Herren, Herren.