Jeremias bok 46:27
Men ottast ikkje, du min tenar Jakob, og ræddast ikkje, Israel! For sjå, eg frelser deg ut or burtlengste land, og avkjømet ut or utlægdi. Og Jakob skal koma tilbake og liva i ro og fred, og ingen skal skræma honom.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 41:13For eg er Herren, din Gud, som held deg i høgre handi og segjer til deg: Ver ikkje rædd! Eg hjelper deg.
Isaiah 43:5Ver ikkje rædd! for eg er med deg; austanfrå vil eg føra di ætt, og vestanfrå vil eg samla deg.
Jeremiah 23:3Men sjølv vil eg samla det som er att av sauerne mine or alle dei landi som eg hev drive deim til, og venda deim attende til si eigi beitemark, og dei skal veksa og aukast.
Jeremiah 29:14Eg vil då lata dykk finna meg, segjer Herren, og eg vil gjera ende på utlægdi dykkar og samla dykk frå alle dei folki og or alle dei staderne som eg hev drive dykk burt til, segjer Herren, og lata dykk venda tilbake til den staden som eg førde dykk burt ifrå.
Jeremiah 31:8Sjå, eg let deim koma frå Norderlandet og samlar deim frå utkantarne av jordi. Ibland deim er blinde og halte, fremmelege kvende og fødande i lag; i ein stor flokk skal dei koma hit tilbake.
Jeremiah 33:16I dei dagarne skal Juda verta frelst og Jerusalem bu trygt, og dei skal kalla det soleis: «Herren er vår rettferd.»