Jeremias bok 48:36
Difor læt hjarta mitt som ei fløyta yver Moab, yver mennerne i Kir-Heres læt hjarta mitt som ei fløyta; difor misser dei det dei hev mugga i hop.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 3:25Byarne braut dei ned, på alle dei grøderike åkrarne kasta dei kvar sin stein og steina deim ned, kvar ei uppkoma kasta dei att, kvart eit aldetre felte dei, til dess ikkje anna var att enn steinmurarne i Kir-Hareset; og det kringsette slyngjekastarane og skaut på det.
Proverbs 13:22Den gode let etter seg arv til barneborn, men det syndaren eig, er gøymt åt den rettferdige.
Ecclesiastes 5:13Misser han denne rikdomen i eit uhende, og han hev fenge ein son, so eig han ingen ting.
Isaiah 15:7Difor ber dei det som dei hev drege saman, sitt uppsparde gods, yver Vierbekken.
Isaiah 63:15Skoda ned frå himmelen, sjå, frå din heilage, herlege bustad! Kvar er din brennhug, di kraft? Di rørsla i barmen, di miskunn held seg att imot meg.
Jeremiah 17:11Lik ei rapphøna som ligg på egg ho ikkje sjølv hev vorpe, er den som samlar rikdom som ikkje er rettkomen; midt i sine dagar skal han lata honom frå seg, og når han ligg på sitt siste, er han ein dåre.