Jeremias bok 49:13
For eg hev svore ved meg sjølv, segjer Herren, at Bosra skal verta til ei fælska, til ei hæding, til ei audn og til ei våbøn, og alle byarne som høyrer til, skal æveleg liggja i røysar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 36:33Og Bela døydde, og Jobab, son åt Zerah, frå Bosra, vart konge i staden hans.
Isaiah 34:6Sverdet åt Herren er fullt av blod, gjødt med feitt, med blod av lamb og bukkar og med nyrefeitt av verar. For ei offerslagting held Herren i Bosra og ei stor nedslagting i Edomlandet.
Isaiah 45:23Ved meg sjølv hev eg svore, or min munn er det gjenge sanning, eit ord som eg ikkje tek i meg att: For meg skal bøygja seg kvart eit kne, til meg skal kvar ei tunge sverja.
Jeremiah 44:26Difor, høyr Herrens ord, alle de Juda-menner som bur i Egyptarlandet: Sjå, eg hev svore ved mitt store namn, segjer Herren: Sanneleg, ikkje ein einaste Juda-mann skal taka namnet mitt på tunga si i alt Egyptarlandet so han segjer: «So sant som Herren, Herren liver!»
Jeremiah 49:17Og Edom skal verta til ei skræma; alle som fer der framum, skal ræddast og spotta yver alle plågorne hans.
Ezekiel 25:13difor - segjer Herren, Herren - so vil eg retta ut handi mi mot Edom og øyda for honom folk og fe, og eg vil gjera det til ei audn frå Teman, og heilt burt til Dedan skal dei falla for sverd.