Jeremias bok 49:2
Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg let herrop høyrast til Rabba hjå Ammons-sønerne, og det skal verta til aude steinrøysar, og døtterne skal verta brende upp med eld, og då skal Israel erva sine ervingar, segjer Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 3:11Og, kongen i Basan, var den siste som var att av kjempefolket; kista hans stend, som alle veit, i Rabba, hovudstaden åt Ammons-sønerne; ho er av jarnstein, og er ni alner lang og fire alner breid etter vanleg alnemål.
2 Samuel 11:1Det hende seg året etter, den tid då kongarne plar fara i herferd, då sende David Joab av stad, og alle herhovdingarne som var under honom og heile Israel, og dei herja Ammonitarlandet og kringsette Rabba. Sjølv heldt David seg heime i Jerusalem.
Psalms 48:11Som ditt namn, Gud, so er din pris alt til endarne av jordi; di høgre hand er full av rettferd.
Isaiah 11:14Som rovfuglar skal dei slå ned på herdarne åt filistarane i vest, og sameinte skal dei taka herfang av austerlendingarne. På Edom og Moab skal dei leggja hand, og Ammons-borni skal lyda deim.
Isaiah 14:2Og folkeslag skal taka deim og føra deim heim att; men Israels hus skal leggja deim under seg som ein arvlut i Herrens land, og skal gjera deim til trælar og trælkvinnor. Dei skal få fangevaktarane sine til fangar og råda yver valdsherrarne sine.
Jeremiah 49:1Um Ammons-sønerne. So segjer Herren: Eig Israel ingi søner, eller hev han ingen erving? Kvi hev Malkam ervt Gad og hans folk sett seg ned i byarne hans?