Jeremias bok 49:20
Difor, høyr den rådgjerdi Herren hev teke um Edom, og dei tankarne han hev tenkt um Teman-buarne: Sanneleg, dei skal dragsa deim burt, dei små lambi, sanneleg, hagelendet deira skal taka fæla av deim.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
21Av dynen av deira fall bivrar jordi, naudropet - omen av det høyrer ein radt til Raudehavet.
Cross References
Psalms 33:11Herrens råd stend ved lag i all æva, hans hjartans tankar frå ætt til ætt.
Isaiah 14:24Herren, allhers drott, hev svore og sagt: I sanning som eg hev tenkt, soleis skal det verta, og det eg hev sett meg fyre, det skal hava framgang.
Jeremiah 37:10For um de so slo i hel heile kaldæarheren som strider imot dykk, so det berre var att hjå dei nokre særde menner, då skulde dei risa upp i kvar si tjeldbud og brenna upp denne byen i eld.
Jeremiah 49:13For eg hev svore ved meg sjølv, segjer Herren, at Bosra skal verta til ei fælska, til ei hæding, til ei audn og til ei våbøn, og alle byarne som høyrer til, skal æveleg liggja i røysar.
Jeremiah 50:45Difor, høyr den rådgjerdi Herren hev teke um Babel, og dei tankarne han hev tenkt um Kaldæarlandet: Sanneleg, dei skal dragsa deim burt, dei små lambi, sanneleg, beitemarki deira skal taka fæla av deim.
Malachi 1:3men Esau hata eg, og eg hev gjort hans fjell til ei øydemark og odelen hans til ein heidebustad.