Jeremias bok 49:7
Um Edom. So segjer Herren, allhers drott: Bid det ikkje visdom lenger i Teman? Tryt det på råder for dei vituge? Er visdomen deira spillt?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
6Men sidan vil eg gjera ende på utlægdi åt Ammons-sønerne, segjer Herren.
Cross References
Genesis 25:30Og Esau sagde med Jakob: «Å lat meg få gløypa i meg noko av det raude, dette raude der; eg er reint kvitt!» Difor kallar dei honom Edom.
Genesis 36:8So sette Esau seg ned i Se’irfjelli; Esau, det er den same som Edom.
Genesis 36:15Dette er jarlarne åt Esau-folket: Sønerne åt Elifaz, eldste son hans Esau, var Teman-jarlen, Omar-jarlen, Sefo-jarlen, Kenaz-jarlen,
Numbers 20:14Frå Kades sende Moses dette bodet til kongen i Edom: «So segjer Israel, bror din: «Du veit kor mykje vondt me hev lide.
Deuteronomy 23:7Edomitarne skal du ikkje hava stygg til; for dei er skyldfolket ditt. Egyptarane skal du heller ikkje hava stygg til; for du hev havt tilhald i landet deira.
Job 2:11Tri vener til Job fekk høyra um den ulukka som hadde kome yver honom; dei kom kvar frå sin heimstad, Elifaz frå Teman, Bildad frå Suah, og Sofar frå Na’ama, og dei avtala seg imillom at dei skulde ganga til honom for å syna honom samhug og trøysta honom.