Jeremias bok 5:15
Sjå, eg let eit folk frå eit land langt burte koma yver dykk, Israels hus, segjer Herren, eit sterkt folk er det, eit eldegamalt folk er det, eit folk med eit mål du ikkje kjenner, og ikkje skynar du kva dei segjer.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
16Deira pilehus er som ei opi grav, alle saman er dei kjempor.
Cross References
Deuteronomy 28:49Herren skal bjoda ut mot deg eit folk langt burtantil, frå verdsens ytste land; brått, liksom ørnen slær ned, kjem dei yver deg, og ikkje kann du skyna deira mål -
Isaiah 5:26Og han reiser eit hermerke for heidningfolki langt burte og blistrar honom hit frå enden av jordi, og sjå, snart og snøgt kjem han.
Isaiah 29:3Eg vil slå læger rundt ikring deg, og eg vil ringa deg inne med vaktpostar og kasta upp vollar imot deg.
Isaiah 33:19Det ville folket skal du ikkje meir sjå, folket med det vande målet som ein ikkje kann skyna, med den stamande tunga som ein ikkje kann tyda.
Jeremiah 2:26Liksom tjuven må skjemmast når han vert teken, soleis må Israels hus skjemmast, dei sjølve, kongarne deira, hovdingarne deira og prestarne deira og profetarne deira,
Jeremiah 5:11For dei hev ille svike meg, både Israels hus og Judas hus, segjer Herren.