Jeremias bok 5:3
Herre, ser ikkje augo dine etter ærlegdom? Du slo deim, men dei anka seg ikkje, du tynte deim, men dei let seg ikkje aga. Dei gjorde andlitet hardare enn stein, dei vilde ikkje venda um.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2Og endå um dei segjer: «So sant som Herren liver,» so gjer dei rang eid like vel.
Cross References
Leviticus 26:23Og let de dykk endå’kje tukta, men driv på og gjer meg imot,
2 Chronicles 16:9For Herrens augo fer utyver all jordi, av di han med kraft vil koma deim til hjelp som hev hjarta sitt heilt med honom. Du hev fare fåvist åt i dette; for heretter kjem du til å hava ufred stødt.»
Psalms 11:4Herren er i sitt heilage tempel, Herrens kongsstol er i himmelen, hans augo skodar, ein blink av hans augo prøver menneskjeborni.
Psalms 51:8Sjå, du hev lyst til sanning i innarste; so lær meg då visdom i hjartans løynrom!
Proverbs 21:29Gudlaus mann ter seg skamlaus, men den ærlege gjeng sine vegar stødigt.
Proverbs 23:35«Dei slo meg, men det gjorde’kje vondt, dei banka meg, men eg kjende det ikkje. Når skal eg vakna? Eg vil få tak i endå meir.»