Jeremias bok 50:13
Ubygd skal ho verta, ei audn all med seg, av di Herren er vreid; alle som fer framum Babel, skal ræddast og spotta yver alle hennar plågor.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Job 27:23Med hender klappar dei åt han og pip han frå hans heimstad burt.
Jeremiah 18:16so dei gjer landet sitt til ei skræma, ei æveleg spott; alle som fer der framum, vert forstøkte og rister hovudet.
Jeremiah 25:12Og når sytti år er lidne, vil eg heimsøkja Babel-kongen og dette folket for deira misgjerningar, segjer Herren, og Kaldæarlandet vil eg heimsøkja og gjera det til ævelege øydemarker.
Jeremiah 51:37Og Babel skal verta til steinrøysar, eit sjakal-bøle, ei skræma og ei hæding; ingen skal bu der.
Habakkuk 2:6Alle dei skal i sanning setja i med spottesong um honom og sneida etter honom i gåtor; dei skal segja: «Usæl den som dungar i hop det han ikkje eig - kor lenge? - Og som lesser på seg pant!»
Zechariah 1:15og gruveleg vreid er eg på dei sjølv-trygge heidningfolki; for eg var berre litegrand vreid; men dei auka ulukka.