Jeremias bok 50:17
Israel er ein buvill sau; løva hev jaga honom av; Assur-kongen åt fyrst på honom, og no sist hev Nebukadnessar, Babel-kongen, togge hans bein.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 15:29I dei dagarne Pekah var konge i Israel, kom assyrarkongen Tiglat-Pileser og hertok Ijon, Abel-Bet-Ma’aka, Janoah, Kedes, Hasor, Gilead og Galilæa, heile Naftalilandet, og førde folket burt til Assyria.
2 Kings 18:9I fjorde styringsåret åt kong Hizkia - det var sjuande styringsåret åt Israels-kongen Hosea Elason - drog assyrarkongen Salmanassar upp og kringsette Samaria.
2 Chronicles 28:20Men assyrarkongen, Tilgat-Pilneser, drog imot honom og for fiendsleg fram imot honom i staden for å hjelpa honom.
2 Chronicles 33:11So let Herren herførarne åt assyrarkongen koma yver deim, og dei fanga Manasse med krokar, lagde honom i koparlekkjor og førde honom til Babel.
Isaiah 7:17Og yver deg og yver folket ditt og yver farshuset ditt skal Herren lata dagar koma som det ikkje hev vore maken til alt ifrå den tid då Efraim skilde seg frå Juda: assyrarkongen.
Isaiah 10:5Usæl Assur, mitt vreideris! Min harm er staven i handi hans.