Jeremias bok 50:29
Bjod skyttarar ut mot Babel, alle deim som boge kann spenna! Slå læger rundt ikring henne, lat ingen koma seg undan! Lat henne få lika for sine gjerningar, gjer med henne heiltupp som ho sjølv hev gjort! For ho hev ovmoda seg mot Herren, mot Israels Heilage.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 10:3So gjekk Moses og Aron fram for Farao og sagde med honom: «So segjer Herren, Hebræarguden: «Kor lenge skal det vara fyrr du vil bøygja deg for meg? Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!
Isaiah 14:13Det var du som sagde i hjarta ditt: «Eg vil stiga til himmels, høgt yver Guds stjernor vil eg reisa kongsstolen min. Eg vil setja meg på Tingfjellet lengst uppe i nord!
Isaiah 47:10Du var trygg i vondskapen din og sa: «Det er ingen som ser meg!» Visdomen din og vitskapen din hev dåra deg, so du sa i ditt hjarta: «Eg og ingen annan!»
Jeremiah 48:26Gjer honom drukken, for han hev ovmoda seg mot Herren. Ja, Moab skal baska seg i spya si og verta til åtløgje, han og.
Jeremiah 50:14Fylk dykk mot Babel, rundt ikring, alle de bogeskyttarar! Skjot på henne, spar ikkje på pilerne! For mot Herren hev ho synda.
Jeremiah 50:24Eg sette snara for deg, og du gjekk deg fast, Babel, og visste ikkje av det. Du vart funni, og gripi med; for du hadde gjeve deg i strid med Herren.