Jeremias bok 50:38
Turk yver hennar vatn so dei turkast upp! For det er eit land med avgudsbilæte, og dei ber seg som galne med dei skræmelege gudarne sine.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Judges 6:30So sagde dei til Joas: «Send son din ut til oss! Han skal døy, for di han hev rive ned Ba’als-altaret, og for di han hev felt det heilage treet som stod innmed det!»
Isaiah 44:27Eg segjer til djupet: «Torna, dine straumar turkar eg ut!»
Jeremiah 50:2Kunngjer det millom folki, og lat det frettast og set upp hermerke! Lat det frettast, dyl det ikkje! Seg: Babel er teki, Bel hev vorte til skammar, Merodak er livskræmd, hennar gudebilæte er vortne til skammar, hennar ufysne avgudar er livskræmde.
Jeremiah 51:7Eit gullstaup i Herrens hand var Babel, som gjorde all jordi drukki; av vinen hennar drakk folki, difor vart folki reint rasande.
Jeremiah 51:44Og eg heimsøkjer Bel i Babel, og tek det han hev gløypt i seg ut or munnen hans, og folkeslag skal ikkje lenger strøyma til honom. Babel-murarne skal rynja, dei og.
Jeremiah 51:52Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil heimsøkja gudebilæti hennar, og i alt hennar land skal slegne menner stynja.