Jeremias bok 50:41
Sjå, eit folk kjem nordanfrå, eit stort folk og velduge kongar ris upp frå utkantarne på jordi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 13:2Reis eit merke på skoglaust fjell, ropa høgt til deim, veifta med handi, at dei må koma og draga inn gjenom portarne åt valdsherrarne.
Jeremiah 6:22So segjer Herren: Sjå, eit folk kjem frå Norderlandet, ei stor tjod ris upp frå utkanten av jordi.
Jeremiah 25:14For velduge folk og store kongar skal trælka deim og, og eg vil gjeva deim lika for deira verk og for det henderne deira hev gjort.
Jeremiah 50:3For eit folk kjem imot det nordantil, det gjer hennar land til ei øydemark, so ingen bur i det: både folk og fe er flydde, er burte.
Jeremiah 51:1So segjer Herren: Sjå, eg vekkjer eit skadever imot Babel og imot ibuarane i Leb-Kamai.
Jeremiah 51:27Reis hermerke i landet, blås i lur millom folki, vig folkeslag til strid imot henne, kalla imot det kongeriki Ararat, Minni og Askenaz, set inn herhovdingar imot henne, før fram hestar som bustute engsprettor!