Jeremias bok 51:16
Når han let røysti si ljoma, svarar dyn av vatn i himmelen, og han let skodda stiga upp frå utkantarne på jordi, let eldingar laga regn og sender vind ut or gøymslorne sine.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
15Han hev gjort jordi med si kraft, skapt heimen med sin visdom, spana ut himlarne med sitt vit.
Cross References
Exodus 10:13So rette Moses staven sin ut yver Egyptarland, og Herren sende ein austanvind som stod innyver landet heile den dagen og heile natti; um morgonen kom austanvinden med grashopparne.
Exodus 14:21Då rette Moses handi si ut yver havet, og Herren sende ei strid austanvind, som bles heile natti, so vatnet dreiv undan: han gjorde havet til turt land, og vatnet kløyvde seg.
Job 37:2Å, høyr på harmen i hans røyst, den dun som dundrar or hans munn!
Job 38:22Kom du dit snøen uppspard ligg? Og såg du forrådshus for haglet,
Job 40:9So skal eg og lovprisa deg, som siger med di høgre vann.
Psalms 29:3Herrens røyst ljodar yver vatni, Gud den herlege torar, Herren yver dei store vatn.