Jeremias bok 51:20
Du var hamaren min, stridsvåpnet, so eg med deg krasa folkeslag og med deg øyda kongerike.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
21Og med deg krasa eg hest og ridar, og med deg krasa eg vogn og køyrar.
Cross References
Isaiah 10:5Usæl Assur, mitt vreideris! Min harm er staven i handi hans.
Isaiah 13:5Ifrå land langt burte kjem dei, frå himmelens ende, Herren og hans vreide-verkty, og vil herja heile jordi.
Isaiah 37:26Hev du’kje høyrt at eg hev longe laga det so? Frå ævordsleg tid hev eg fyreåt fastsett dette! Og no let eg det koma i verk! Du fekk magt til å øyda sterke borgar til steinrøysar aude.
Jeremiah 25:9sjå, so sender eg bod etter alle ætterne i Nordheimen og fær deim hit, segjer Herren, og etter Nebukadressar, tenaren min, og eg let deim koma yver dette landet og yver deim som bur her, og yver alle desse folki rundt ikring. Og eg bannstøyter deim og gjer deim til ein fælske og ei spott og til ævelege audner.
Jeremiah 27:5Eg hev gjort jordi, menneskja og dyri på jordi med mi store magt og min strake arm, og eg gjev dette til den eg tykkjer er den rette.
Ezekiel 21:11Og han let det blenkjast til eit handyvle; dette sverdet er kvest og blenkt, med det er etla åt dråpsmanns hand.